Lørdagsgodt: Avind

Avind tek deg med inn i ei verd der by, land, natur og relasjonar mellom menneske er akkompagnert av både støyete gitarar og fengjande riff. Låtskrivar og frontfigur Tonje Tafjord emigrerte til byen frå bygda i ung alder, og har no funne roen i Oslo. Ho hentar inspirasjon frå heimtraktene i tekstane sine, og knyter dette saman med det urbane dagleglivet frå storbyen.

EP-en Stummande mørke kom ut i juni 2015, og bandet er for tida i studio for å spele inn sitt første album. Det blir garantert nokre smakebitar frå dette på konserten på Mono.

Legg til ekstern kalender…