20 x 20 x 20

20 × 20 × 20 er ein konsert der ulike artistar/kunstnarar møtes for å improvisere sammen foran eit publikum. Gjerne i konstellasjonar og sammensetningar som er nye for kvarandre, der det einaste rammeverket å forhalde seg til er ein 20 minutters improvisasjon, fordelt på 3 ulike avdelingar.

Kveldens musikarar/kunstnarar:

1. avdeling: Hans Knut Sveen (cembalo), Mari Kvien Brunvoll (vokal/elektronikk), Henrik Koppen (performance), Eva Pfitzenmaier (vokal), Stephan Meidell (gitar) Øyvind Hegg-Lunde (trommer)

2. avdeling: Njål Paulsberg (synth/elektronikk), Fridtjof Wesseltoft (visuals), Anja Ulset (utstilling) Eva Pfitzenmaier (vokal) Stephan Meidell (gitar) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer)

3. avdeling: Fellesimprovisasjon med alle frå 1. og 2. avdeling

Litt om kvar artist/kunstnar:

Hans Knut Sveen: er ein av Norges ledande på cembalo og grunnleggar og medlem av Bergen Barokk. Han har gjort ein rekke innspelingar i eige navn, i tillegg til å vere førsteamanuensis ved Griegakademiet.

Mari Kvien Brunvoll: mest kjent for soloprosjektet sitt i eige namn, i tillegg til Building Instrument og duoen med gitarist Stein Urheim. Har gjort ein rekke innspelingar med nevnte prosjekt, i tillegg til å lage musikk både til film og til ulike bestillingsverk.

Henrik Koppen: mest kjend som performancekunstnar, i tillegg jobbar han mykje med video, maleri, lydkunst og installasjonar. Har bakgrunn frå Kunsthøgskulen i Bergen og jobbar ein heil del med duoen KOPPEN/JORKJEN, i tillegg til musikkprosjekta The Jist og Hityamac.

Njål Paulsberg: mest kjent for synth/eletronikk i blant anna Young Dreams, Put Your Hands Up For Neo-Tokyo, og no seinast med The Megaphonic Thrift +. Har ein finger med i det mest av det som skjer i Bergens musikkmiljø, i form av både mixing eller produsering.

Fridtjof Wesseltoft: Held for tiden til ved Kunsthøgskulen i Bergen, der han jobbar masse med visuell kunst i ein rekke ulike sammenhengar. Har i det siste gjort ein heil del turnéar rundt om i verden med New Conceptions Of Jazz.

Anja Ulset: jobbar for det mest med tegning, foto og installasjon, og har bakgrunnen frå Kunsthøgskulen i Bergen. Ho har gjort ein heil del utstillingar både i Norge og i utlandet, og er også blant anna medlem i Bergen Ateliergruppe.

Eva Pfitzenmaier: vokalist og multikunstnar som jobbar for det meste med soloprosjektet sitt By The Waterhole, i tillegg til blant anna teater/perfomance gruppa Lang Sang Produksjoner og Krachmacher.

Øyvind Hegg-Lunde: mest kjent frå banda Building Instrument, Erlend Apneseth Trio og Electric Eye, i tillegg til å vere delaktig i ein rekkje konstellasjonar innanfor den meir eksperimentelle verden.

Stephan Meidell: kjend frå soloprosjektet sitt i eige namn, i tillegg til å spele i blant anna Cakewalk, Erlend Apneseth Trio og Trioer. Er også delaktig i fleire prosjekter innanfor den eksperimentelle verden.

Med støtte frå Bergen Kommune

Legg til ekstern kalender…