Klubb Folkemusikk og bladslepp

[Bilde]
(Foto: Nikita Solenov)

Kva er folkclubbing på norsk, spør du? Det er det vel ingen som heilt veit – enno. DJ-kveldar med basis i folkemusikk frå heimlege trakter er sjeldan kost på våre breiddegrader. Det har Riksscenen og magasinet Folkemusikk tenkt å gjere noko med i 2017. Og det byrjar torsdag 2. mars, etter det forrykande dobbelplatesleppet til Vegar Vårdal og Haleys Comet.

DJ-en Audinho da Vitrola er til dagleg redaktør i magasinet Folkemusikk. Som DJ gjennom snart 20 år har han for det meste spelt musikk frå plassar som Brasil, Colombia, Kongo og Louisiana. Noko musikk frå desse landa slepp du sikkert ikkje unna denne kvelden heller, men hovudvekta blir på musikk frå Nord-Europa og den nordeuropeiske diasporaen.

Kvelden er også sleppfest for splitter nye Folkemusikk nr. 1/2017, og magasinet vil vere til sals for ein latterleg lav pris.

Dansegolvet er kvalitetskontrollert av framifrå folkedansarar, og baren på Riksscenen har alle rettar. Som på DJ-kveldar flest, krevst det ingen førehandskunnskapar i dans. Og viss nokon plutseleg byrjar å danse polka eller reinlendar, og du ikkje har dansa nokon av dei sidan 6. klasse, så blir du heilt sikkert bydd opp til dans du òg. Dessutan er Folk på Torsdag kjend for å vere internpuben til Folkemusikk- og Folkedans-Oslo. Velkomen til fest- og hyggekvelden du treng i livet ditt!

Legg til ekstern kalender…