Flokje

Biletkunstnar Klara Sofie Ludvigsen og vokalist Ingebjørg Loe Bjørnstad samarbeider om denne framsyninga der publikum vil få oppleva bilete, video, tekst og vokallyd.

I Flokje arbeider Ingebjørg med lyden av surnadalsdialekta si. Ho leitar etter korleis desse lydane kan blandast med kvardagslege stemmelydar og absurd og meiningsberande tekst.

Klara Sofie arbeider med kombinasjon av måleri og fotografi. Ho målar på transparent plast som ho legg lagvis på bileta, og ho målar og teiknar også rett på bileta sine. I vidareføringa av dette målar ho på transparent film som ho framkallar saman med negativ og positiv film i mørkerommet.

Klara Sofie og Ingebjørg har i prosessen fram mot denne framsyninga møttest ofte for å samtala om prosessane sine og kva som er viktig for dei i arbeidet sitt. Det har vore fruktbart og styrkande for begge to. Det publikum får oppleva i Flokje er eit resultat av eit samarbeid om prosessen heller enn eit samarbeid om det konkrete sluttresultatet.

Klara Sofie har utdanninga si frå Kent Institute of Art and Design i England.
Tallerkenverk var utstilt på Agatunet i 2016, og hausten 2017 stiller ho ut Å blåsa kvitt i Nordic House i Reykjavik.
Klara Sofie har motteke arbeidsstipend frå Billedkunstnernes Vederlagsfond.

Ingebjørg studerer no til master på Norges musikkhøgskole.
Ho er medlem i Eplemøya songlag, og i vår turnerer ho med ensemblet Små Grå og forestillinga Kjemi.

Flokje varer til ca kl. 1945.[Bilde]

Legg til ekstern kalender…