Sumarkonsert med Songlaget i BUL og Solborna

Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo ynskjer velkomen til sumarkonsert i teatersalen i Nynorskens hus i Rosenkrantz’ gate 8! Songlaget prisar den nordiske sumaren, ljoset, kjærleiken og den mangslungne historia vår i denne sumarkonserten. I år gror det og blomar i vårt plogjernspor, når Solborna vitjar oss med song og glede!

Barnekoret Solborna vart starta opp våren 2017 og er eit samarbeid mellom Den Mangfaldige Scenen og Aktivitetsskolen på Møllergata skule. Saman med dirigent Linnéa Sundfær Haug syng og morar borna seg kver tysdag og blir kjende med songar frå heile verda – det går i alt frå norske folkesongar til Fader Jakob på somali. Og når det har vorte nok song går dei over til å spela litt piano saman i staden. Konserten med Songlaget i BUL blir fyrste gongen Solborna opptrer, og dei gler seg til å syngja både åleine og saman med koret.

Dirigent for Songlaget: Liv Ulvik
Dirigent for Solborna: Linnéa Sundfær Haug

Det blir servering av kaffi og kake.

Legg til ekstern kalender…