egil olsen - releaseparty - rockefeller (strømløst)

Singer/songwriteren, Egil Olsen, slepp si første rockeplate – si mest elektriske plate, men markerar platesleppet med akustisk, straumlaus intimkonsert på sjølvaste Rockefeller 23. august. ‘You And Me Against the World’ er eit oppløftande og energisk album med lidenskapelige og romantiske rockelåtar.

“Det er eit album om uovervinnelig kjærleik i ei gal gal verd. Det er optimistisk og romantisk, men med ein apokalyptisk undertone og litt glimt i auge. Bak rocken og rollen er det som regel ei vakker lita vise, so det blir veldig fint å framføre dette akustisk – straumlaust. I utgangspunktet er tross alt dei fleste songane skrive på ein gammel kassegitar.”

Med seg på scena har han ein gjeng fine musikalske gjestar på blås, kontrabass, kassegitar og trommer. Plata blir tilgjengeleg på både internett og cd og vinyl. på gjennomsiktig, djup raud vinyl.

“Ta med slekta di! Ta med ein venn! Ta med hundre! Ta med fiendane dine! Random folk fra gata!”

“KJØP BILLETTAR HER >”:http://www.ticketmaster.no/event/egil-olsen-stromlost-tickets/544035

BILL: 200,- (+ 25,- BILLAVG.)
DØRENE ÅPNAR: 20.00
SHOWTIME: 21.00

Legg til ekstern kalender…