20 x 20 x 20

20 × 20 × 20 er ein konsert der ulike artistar/kunstnarar møtes for å improvisere sammen foran eit publikum. Gjerne i konstellasjonar og samansetningar som er nye for kvarandre, der det einaste rammeverket å forhalde seg til er ein 20 minutters improvisasjon, fordelt på 3 ulike avdelingar.

Kveldens musikarar/kunstnarar:

1. avdeling: Benedicte Maurseth (hardingfele), Åshild Kanstad Johnsen (illustrasjon), Omar Johnsen (synth/elektronikk), Eva Pfitzenmaier (vokal), Stephan Meidell (gitar) Øyvind Hegg-Lunde (trommer)

2. avdeling: Eirik Havnes (gitar), Birk Nygaard (visuals), Karen Eide Bøen (dans), Eva Pfitzenmaier (vokal) Stephan Meidell (gitar) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer)

3. avdeling: Fellesimprovisasjon med alle frå 1. og 2. avdeling

Litt om kvar artist/kunstnar:

Benedicte Maurseth: er ein av Norges fremst hardingfele-spelarar. Ho har jobba på tvers av kunstnaruttrykk, og blant anna samarbeida med Jon Fosse, Svein Tindberg, Anne Marit Jacobsen, for å nevne nokre. Ho har sluppe ein rekke plater på blant anna Grappa og ECM, i tillegg til å skreve boka «Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre»

Åshild Kanstad Johnsen: er illustratør og barnebokforfattar, utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Ho står bak storsuksessen med hovedpersonen Kubbe, som går igjen i fleire av bildebøkene hennar. Ho har i tillegg fått ein rekke utmerkelsar og prisar både her heime og i utlandet.

Omar Johnsen: er mest kjent frå bandet Casiokids, der han trakterar ulike synthar og elektronikk. Omar har turnért verden rundt ein rekkjer gonger, og er ein av dei mest sentrale skikkelsane innanfor Bergensmusikk- og kulturliv.

Eirik Havnes: er eit av dei friskaste og nyaste tilskudda til Bergensscena. Han trakterar i utgangspunktet gitar, men bevegar seg like mykje rundt i landskapet som lydkunstnar. Eirik spelar også i ein rekke band og konstellajonar, blant andre med Natalie Sandtorv.

Birk Nygaard: jobbar med visuals og laser for blant andre Ulver, Supersilent, Lars Vaular, Bugge Wesseltoft og ein heil rekke artistar rundt om i Norge. Han jobbar like mykje med live VJ’ing som med ulike installasjonar til festivalar og forskjellige kunstprosjekt.

Karen Eide Bøen: er dansar og koreograf, nylig flytta tilbake til Bergen etter nokre år som frilansar i Oslo. Ho har ein rekke faste prosjekt, i tillegg till å stå bak blant andre forestillingane The Table Turns og Stål i Bein og Armer, som blant anna blei vist på Oktoberdans.

Eva Pfitzenmaier: vokalist og multikunstnar som jobbar for det meste med soloprosjekta sine By The Waterhole og ord/word/Wort & land/land/Land, i tillegg til blant anna teater/performance gruppa Lang Sang Produksjoner og Krachmacher.

Øyvind Hegg-Lunde: trommeslagar, mest kjent frå banda Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og Strings & Timpani, i tillegg til å vere delaktig i ein rekkje konstellasjonar innanfor den meir eksperimentelle verda.

Stephan Meidell: gitarist, kjend frå soloprosjektet sitt i eige namn, i tillegg til å spele i blant anna Cakewalk, Erlend Apneseth Trio, Strings & Timpani og Trioer. Er også delaktig i fleire prosjekter innanfor den meir eksperimentelle verda.

cc: kr 100,- >> kontanter eller VIPPS
konsertstart ca kl 20.00

Med støtte frå Bergen Kommune

Legg til ekstern kalender…