Litterære forhandlingar med ei kvit offentlegheit

[Bilde]

Korleis les den kvite offentlegheita bøker av ikkje-kvite forfattarar? Korleis forhandlar norske, ikkje-kvite skrivande med ei kvit, norsk lesande offentlegheit?

I Sverige og Danmark har ein dei siste åra hatt fleire debattar omkring korleis møtet mellom den ikkje-kvite forfattaren og den kvite lesande ålmenta artar seg. I Sverige argumenterte den svenske litteraturforskaren Magnus Nilsson i boka “Den föreställde mångkulturen. Klass och etnicitet i svensk samtidsprosa” allereie i 2010 for at den svenske resepsjonen av ikkje-kvite forfattarar hadde klare rasialiserande trekk: Ikkje-kvite forfattarar blei ofte lesne som innvandrarforfattarar, uavhengig av kva bakgrunn dei sjølv hadde, eller kva tema som blei tatt opp i bøkene, på eit vis som ifølgje Nilsson førte til både homogeniserande og eksotifiserande lesnadar. I Danmark hadde ein våren 2014 «hvidhedsdebatten», ein stor debatt om det danske litterære feltet, kvitheit og strukturell rasisme i Danmark, i etterkant av utgivinga av Yahya Hassan og debatten Athena Farrokhzad initierte med si bokmelding av boka i Aftonbladet. Den danske poeten Mette Moestrup skreiv om denne debatten, at den var eit brot på «den larmende tavshed» som til no hadde regjert om emnet, ei forløysing, men også ei årsak til stor motstand.

Men korleis står det til i Norge? Er denne tematikken relevant også her – og viss ja, kvifor har samtalen om litteraturen og kvitheita ikkje funne stad, i Norge som i nabolanda våre? Til Litteratur på Blå denne kvelden har vi invitert tre skrivande for å diskutere kvitheitas rolle i det litterære feltet – og korleis ein som ikkje-kvit kan eller må forhandle med ulike forventingar frå ei kvit offentlegheit når ein arbeider med skjønnlitterære prosjekt.

Rita Paramalingam debuterte på Oktober Forlag i 2017, med romanen “La meg bli med deg”. I boka møter vi femten år gamle Lara som må ta vare på lillebroren Felix, i ein roman som skildrar korleis ei oppvekst prega av prekaritet og omsorgssvikt kan forme både relasjonane ein har og blikket på seg sjølv, andre og verda. For romanen fekk Paramalingam ros i fleire bokmeldingar, og blei nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Camara Joof er scenekunstnar, musikar og dramatikar. Joof har tidlegare turnert med den sjølvbiografiske førestillinga “Pavlovs tispe”, som er blitt oppført i overkant av 200 gongar på ulike scener i Skandinavia, i tillegg til å ha medverka i ei rekke andre førestillingar som dramatikar og skodespelar, som ofte har til felles at dei tematiserer identitet og kjønn, sexisme og rasisme. Med seg til Litteratur på Blå har jo debutboka si, Under huda, der ho skriv nettopp om desse tema.

Nina Bahar er aktivist, styremedlem i Interfem, og skriv på si første bok, eit memoar om oppveksten i Trøgstad og Oslo, om erfaringane med rasisme som møtte familien der, i eit prosjekt som er ei ny litterær skildring av ein norsk oppvekst. Til Litteratur på Blå har ho tatt med seg utdrag frå boka, og tankar om refleksjonar om korleis ein kan forvalte familieerfaringar og erfaringar med rasisme i litterært materiale.

Samtalen blir leidd av Kristina Leganger Iversen, som forsvarte avhandlinga “Når dikta tiltalar nasjonen. Kvitheit, kolonialitet og subjektivitet i sju samtidige, Skandinaviske diktbøker.” I avhandlinga undersøkte ho rolla kvitheit og kolonialitet speler for korleis subjektet blir danna i diktbøkene, måten dei tiltalar nasjonane på, og korleis diktbøkene blir lesne av bokmeldarane.

Legg til ekstern kalender…