Avlyst
Gjennomlytting: The West Coast

[Bilde]

Kven seier vel nei til ein dansbar kveld, dagen før ein raud dag?

Vi tenkjer å høyre gjennom debut plata vår med alle som har lyst til det på Røverstaden 09.05.18. Dette er rett og slett fyrste sjanse til å høyre denne rakkaren ved namn WELCOME. Plata kjem på strøymetenestar nokre veker seinare.

Vi minglar frå kl 19, så trykkjer vi på PLAY kl 20.

Det vert mykje godt å fukte nebbet med i baren, og det vert også noko godt for auge også.

The West Coast er det musikalske kjærleiksbarnet til Simen Hallset (Gold Celeste, myeye) og Torgeir Tysse (Torris).
Resulatet av studioflørten er eit album som tek sjumils-steg utanfor ihjeltrådde stiar, der intuisjon, naivisme, pur glede og fri tankestraum er stikkord.

Deira første singel og musikkvideo, “Galactic Overdose”, er eit friskt svalestup inn i undring over tidsåndas enkle svar på vanskelege spørsmål.
På toppen av kransekaka står ei sann legende i norsk hip-hop og musikksammenheng, Son of Light, berre sånn i tilfelle du skulle lure på kva som går ned.
Den kan sjåast her: www.youtube.com/watch?v=LZo…

Legg til ekstern kalender…