Hilde Marie Holsen - Lazuli

[Bilde]

Hilde Marie Holsen slepp nytt soloalbum på Hubro 25. mai, men tjuvstartar sleppet med konsert på Kafé Hærverk 24. mai.

Hilde Marie Holsen frå Jølster har med trompet og elektronikk funne sin eigen veg i eit skjæringspunkt mellom jazz, drone- og samtidsmusikk. Gjennom lydprosessering av trompeten skapar Holsen eit elektronisk univers, som ho blandar med ein melankolsk tone frå trompeten. Slik lagar Holsen eit originalt lydlandskap, som kan opplevast både vart, skjørt og skakt, men også kraftig og dynamisk.

Våren 2015 slapp Holsen debutalbumet sitt, Ask, på plateselskapet Hubro, og vekte med dét mykje merksemd i internasjonal musikkpresse – med svært gode kritikkar frå mellom anna The Guardian, The Wire og The Quietus. Sidan den tid har ho spelt mellom anna på festivalane Punkt, Ultima, 12Points (Ir/Es), OsloJazz og Rewire (NL), samt turnert i Europa med konsertar i m.a. Italia, Storbritannia, Luxembourg og Tyskland.

“Hilde Marie Holsen’s ‘Lazuli’ is an almost shockingly complete musical statement. It’s as if an intense dialogue between the processes of composition and improvisation, and the interplay of sound and music, has led to the creation of experimental and often challenging work that nevertheless comes across as absolutely fully-formed; as inevitable, even.”

Fleire konsertar:
07. juni – Østre, Bergen
09. juni – Lauget Kaffi og Kultur, Sandane

Inngang: 150,-

Konserten er støtta av Norsk Komponistforening

Legg til ekstern kalender…