Norsk Sakprosafestival 2018

Å skrive aktuelle hendingar om til historie gnir kantane av dei og dei blir interessante, ikkje så skremmande, skriv The Guardian om Luke Hardings Sammensvergelse. Korleis fortelje si eiga eller den større historia, får ein innsikt i under den sjette Sakprosafestivalen. Adam Rutherford viser at historia om oss er skriven i genane. Jason “Timbuktu” Diakité, Steffen Kverneland, Vigdis Hjorth og Elisabeth Åsbrink fortel om dei formmessige og disiplinære vala når ein formidlar si individuelle erfaring. Og kva fortel dei samtidig om nasjonar og verda? Åsa Linderborg er blant dei som denne hausten gir ut bøker om sosialdemokratiet si stilling i Skandinavia. Ho og fleire møtest for ein prat om det svenske stortingsvalet, og om Arbeiderpartiet. Og kor demokratisk er "Den demokratiske folkerepublikken Korea”? Morten Traavik, Sun Heidi Sæbø, Liv Gulbrandsen, Trond-Viggo Torgersen, Sissel Gran, Peder Kjøs, Vigdis Hjorth, Anne Sverdrup-Thygeson, Dag O. Hessen, Mimir Kristjanson og Helene Uri er nokre av dei førti gjestane som kjem til Sakprosafestivalen for å snakke om tema som spionasje, sex, synging, Sverige, og som gir innblikk korleis dei fortel. Ja, korleis formidlar ein sex best til barn og unge? Trond-Viggo Torgersen får forfatarane av “Gleden med skjeden” og “Manus om anus” i tale.

Førehandskjøp billett her

"Sjå heile festivalprogrammet her.

Festivalen på Facebook.

Og du, hold av kvelden! Det blir festivalfest hos NFFO i Uranienborggata 2 – ope for alle.

Billettpris for arrangement i Wergeland-salen:
Ordinær/student: 100/50.
Arrangementa i dei fire andre salane er gratis.

Legg til ekstern kalender…