20 x 20 x 20

20 × 20 × 20 er ein konsert der ulike artistar/kunstnarar møtes for å improvisere sammen foran eit publikum. Gjerne i konstellasjonar og samansetningar som er nye for kvarandre, der det einaste rammeverket å forhalde seg til er ein 20 minutters improvisasjon, fordelt på 3 ulike avdelingar.

Kveldens musikarar/kunstnarar:

1. avdeling: Kurt Johannessen (performance), Alwynne Pritchard (performance/musikk), Stein Urheim (gitar), Eva Pfitzenmaier (vokal), Stephan Meidell (gitar), Øyvind Hegg-Lunde (trommer)

2. avdeling: Mirte Bogaert (dans), Thomas Bruvik (video), Amalie Holt Kleive (vokal), Eva Pfitzenmaier (vokal), Stephan Meidell (gitar), Øyvind Hegg-Lunde (trommer)

3. avdeling: Fellesimprovisasjon med alle frå 1. og 2. avdeling

Litt om kvar artist/kunstnar:

Kurt Johannessen: arbeider med performance, bøker, video og installasjon. Han har produsert over 300 ulike performancar med visningar i Europa, Asia og Amerika sidan tidleg på 80-tallet. Har hatt utstillingar ei rekkje stadar i Noreg og er utgjevar av artists books på eige forlag.

Alwynne Pritchard: er ein britisk komponist og vokalist, i tillegg til å ha vore kunstnarisk leiar i Borealisfestivalen og BIT20. Komposisjonane og framføringane hennar har blitt høyrd mange ulike stadar både i Europa og Amerika.

Stein Urheim: er gitarist og komponist frå Bergen, kjend mellom anna for sine fire soloutgjevingar på etiketten Hubro, og samarbeid med Mari Kvien Brunvoll, Erlend Apneseth, i tillegg til utallige musikarar her heime og i utlandet.

Mirte Bogaert: er dansekunstnar frå Belgia, basert i Bergen. Ho vart uteksaminert frå School for New Dance Oslo i 2014, og avslutta nyleg studiar på Research Studios 2017-2018 på P.A.R.T.S. i Brussel. Ho er aktuell med eiga danseforestilling i haust hjå Teatergarasjen.

Amalie Holt Kleive: er vokalist og slapp sin fyrste singel i haust på “Eget Selskap”. Amalie kombinerar elektronika med improvisasjonar, og er ellers aktiv i mange nye og spennande prosjekt i Bergen.

Thomas Bruvik: er ansatt som lysteknikar hjå Carte Blanche, og arbeidar freelance med ei rekkje scenekunstforestillingar i Bergen og omegn. Han er med i fleire forestillinger hjå Teatergarasjen i vårsesongen.

Eva Pfitzenmaier: vokalist og multikunstnar som jobbar for det meste med soloprosjekta sine By The Waterhole og ord/word/Wort & land/land/Land, i tillegg til blant anna teater/performance gruppa Lang Sang Produksjoner og Krachmacher.

Øyvind Hegg-Lunde: trommeslagar, mest kjent frå banda Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og Strings & Timpani, i tillegg til å vere delaktig i ei rekkje konstellasjonar innanfor den meir eksperimentelle verda.

Stephan Meidell: gitarist, kjend frå soloprosjektet sitt i eige namn, i tillegg til å spele i blant anna Erlend Apneseth Trio, Cakewalk, Strings & Timpani og Trigger. Er også delaktig i fleire prosjekter innanfor den meir eksperimentelle verda.

cc: kr 100,- >> kontanter eller VIPPS
konsertstart ca kl 20.00

Legg til ekstern kalender…