Seminar: Tradisjonskunst og kritikk

Kva er eigentleg kritikk? Korleis vurderer ein kvaliteten på tradisjonskunst, og kva krevst for å vurdere han? Er det annleis enn for annan kunst? Må ein formulere kritikken ulikt for eksperten og for allmennlesaren? Og kva slags tradisjonskunstkritikk vil vi ha?

Magasinet Folkemusikk inviterer til seminar på Tradisjonskunst og folkemusikk, Universitetet i Søraust-Noreg, Rauland, høgborga for kritisk refleksjon kring tradisjonskunsten i dag.

I panelet sit

  • Ånon Egeland (USN, Folkemusikk)
  • Bodil Akselvoll (USN)
  • Kjell Bitustøyl (Telemarksavisa, redaktør i Spelemannsbladet 1997–2007)
  • Marianne Lystrup (Folkemusikk; journ., red. og kritikar i Vårt Land 1976–2014).

Ordstyrar: Audun Stokke Hole, redaktør for magasinet Folkemusikk

Vi sest på Rauland internasjonale vinterfestival, USN Campus Rauland torsdag kl 10–12!

Legg til ekstern kalender…