Monodrama

Å formidle ei historie heilt aleine på scena kan vere ein krevjande affære. Nettopp dette er det Ragnhild Thu Austnaberg vil fordjupe seg i gjennom masterprosjektet sitt.

Eit monodrama er eit teatralsk og gjerne operatisk stykke skrive for éin songar, som oftast portretterer éin karakter. I denne første av to konsertar tar Ragnhild for seg to monodrama skrive for song og klaver. Dette blir nesten ei slags «oppvarming», før ho i den avsluttande konserten skal skape eit monodrama med berre musikk skrive for solo sopran, utan akkompagnement. I begge konsertane vil ho utforske spelerommet som oppstår med så få aktørar, og korleis det er å vere det bærande elementet i ein konsert.

Program
Joseph Haydn (1732-1809): Arianna a Naxos
Gioachino Rossini (1792-1868): Giovanna d’Arcoi

Medvirkende
Ragnhild Thu Austnaberg (sopran)
Ivar Anton Waagaard (hammarklaver og klaver)

Legg til ekstern kalender…