Hindemiths sonatar for blåsarar og klaver

Paul Hindemith (1895-1963), tysk komponist, multiinstrumentalist og musikkvitar, kom til å leve eit liv diktert av ekstrem. Han var barn av eit keiserdøme, vaks opp mens riket braut saman som følge av Verdskrigen 1914-18, blei modna som kunstnar i Weimartida med oppgangstider og børskrakk, og nådde toppen av sin kreativitet midt under oppmarsjen mot nok ein uunngåeleg verdsbrann.

Hindemiths liv og virke kom av desse årsakene til å få noko konkluderande og uimotseieleg over seg, noko som i fleire generasjonar har blitt negativt feiltolka som lettare akademisk og hovmodig.

Heller ikkje den uredde og djerve motstanden hans mot nazityranniet, som til slutt tvang han i eksil til USA kort tid før krigsutbrotet, kunne hindre at han fekk eit tungt og øydeleggande «tyskheitsstempel» over heile skaparverker sitt.

Hindemiths betyding for nyskaping i musikken i det 20. hundreåret kan knapt overvurderast: Utover musikkens spesifikke verdi var den sjølvpålagte livsoppgåva hans – å skape bruksmusikk og kammermusikkverk for sjølv dei mest uvanlege soloinstrument – eit gigantisk prosjekt. Med forståinga for instrumentas fysiologi og estetikk (hans hovudinstrument var bratsj, men han meistra òg mange andre instrument) var han i stand til både å skrive ideomatisk og utradisjonell musikk på ein gong.

Ein sentral del av dette eineståande livsverket er dei 10 sonatane for blåseinstrument og klaver. Så vidt vi veit har aldri desse sonatane blitt framført syklisk i ein serie her i landet tidlegare.

Patrik Johansson har tatt initiativet til denne serien på tre konsertar gjennom året 2019. Gjennom eit omfattande pianistliv har han interessert seg for Hindemiths kammermusikalske kunst, og gir oss no moglegheita til å få høyre alle ti blåsersonatane i samanheng – saman med ti lærarkolleger på Musikkhøgskolen.

Wolfgang Plagge, som i lang tid har følgt og gitt seg hen til Hindemith sin store produksjon, vil ha ein introduksjon i forkant av dei tre konsertane.

Ei historisk hending!

Program
Paul Hindemith (1895-1963):
Sonate for trompet og klaver
Sonate for klarinett og klaver
Sonate for valthorn og klaver

Medvirkende
Wolfgang Plagge (innleiar)
Jonas Haltia (trompet),
Björn Nyman (klarinett)
Julius Pranevicius (horn)
Patrik Johansson (klaver)

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…