Jazzgard 2019

[Bilde]

NATALIE SANDTORV

NATALIE SANDTORV vokal, elektronikk TORGEIR STANDAL gitar

Det var ikkje gått mange veker av semesteret før det byrja å gå rykte om eit heilt spesielt vokaltalent på Griegakademiet i Bergen. Etter kvart som ho dukka opp i fleire og fleire band har det synt seg at alt var sant…

Dei siste åra har Natalie turnert kontinuerleg, har mellom anna samarbeidd med Nils Petter Molvær, og er no plukka opp av av sjølvaste Jazzland Recordings der plata kjem i 2020. Enn så lenge har ho tatt eit lite steg vekk frå jazzen og leverer knallsterke indiepoplåtar – førestill deg Björk og Robyn saman på diskotek i LA. Til Jazzgard kjem Natalie Sandtorv som duo – ein unik sjanse til å høyre musikken hennar i eit intimt format.

Legg til ekstern kalender…