Folkemusikkforum 2019

Målgruppe
Folkesongarar frå dei ulike tradisjonane i Norge, studentar og forskarar innan fagfeltet
Dette forumet kan óg vere av interesse for andre folkemusikarar, pedagogar, gehørlærarar, dirigentar, komponistar m.m.

Om Folkesongforum
Tema for forumet er “Undervisning og ulike læremåtar innan folkesong”. Vi vil invitere utøvarar, pedagogar og forskarar til å belyse tema. Forumet har som mål å være ein samlingsstad der ulike generasjonar folkesongarar møtest og inspirerar kvarandre, og slik være med å bygge fagmiljø. Program vert lansert i august.

Norges musikkhøgskole har i samarbeid med CEMPE gjennomført to Folkesongforum. Tema i 2017 var tonalitet, og i 2018 teknikk, ideal og mangfald. Tema for 2019 vert undervisningsmetode innan folkesong. Forumet går over tre dagar, og vil bli organisert som foredrag, masterclass, samtaler og diskusjonar.

Programmet blir lagt ut i august 2019

Påmeldingsfrist
20. september 2019
Påmeldinga opnar i august 2019
Påmeldinga er bindande. Dvs at deltakeravgifta ikkje vert refundert dersom avmelding etter påmeldingsfristen.

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…