Den inautentiske gleden. Temakveld med Henrik Nor-Hansen

Skrivekunstakademiet inviterer med autentisk glede til årets første temakveld, “Den inautentiske gleden” ved Henrik Nor-Hansen.

Nor-Hansen er første forfattar ut i rekkja av nyskrivne føredrag om det å skrive og skape litteratur du kan få med deg her hos oss dette skuleåret. Han er gjestelærar på romankurset som har sparka i gong hausten ved Skrivekunstakademiet, og temakvelden tar utgangspunktet nettopp i det å skrive roman.

Vi byr på rimeleg bar, ekslusivt innhald, intime lokaler og god stemning. Som alltid er opplegget gratis og ope for alle. Velkomen til oss!

Legg til ekstern kalender…