Norsk Sakprosafestival 2019

Det er klart for årets store kunnskapsmønstring: Fakta- og kunnskapsdagen, debattparadiset Norsk Sakprosafestival skjer som vanleg på Litteraturhuset i Oslo, og er som alltid ope for alle, og stort sett gratis. Her får du sjå og lytte til nokre av dei viktigaste sakprosaforfattarane frå verda og Noreg. Årets tema er “krise”, i biologisk, geologisk, psykologisk, politisk og andre meiningar av ordet. Etterpå fagprogrammet inviterer vi til overskotsfest hos Fritt ord i Uranienborgveien 2.

FULLT PROGRAM LIGG HER: issuu.com/nffo4/docs/_nff_p…

Antony Beevor, lecture and conversation! Sissel + Peder = sant! Aage Borchgrevink, Inger Merete Hobbelstad, Sissel Gran, Peder Kjøs, Thomas Erikson Föreläsare, Kamzy Gunaratnam, Iselin Shumba, Shwan Dler Qaradaki, Anna Fiske, Morten A. Strøksnes, Henrik Hellstenius, Are Brean og Geir Olve Skeie, Anne Sverdrup-Thygeson, Henrik H. Svensen, Kristina Quintano, Kjersti Sandvik, Maria Berg Reinertsen, Tanja Orning og Kritisk kvartett ved Frode Helmich Pedersen, Eirik Vassenden og Carina Beddari er nokre av dei som skal forelese, prate, spele, diskutere eller vis fram sakprosa under Norsk sakprosafestival 2019.

Sikre deg billettar til arrangementa som går i Wergeland:

Antony Beevor og Mari Jonassen: sakprosafestivalen.ticketco…

Carstein Jensen og Kristina Quintano:
www.facebook.com/events/357…

Thomas Erikson og Anna Florén: sakprosafestivalen.ticketco…

Sissel Gran og Peder Kjøs: sakprosafestivalen.ticketco…

Third Cultue Kids (Iselin Shumba, Kamzy Gunaratnam og Peder Kjøs): sakprosafestivalen.ticketco…

Og så er det bergensbanden Kritisk Kvartett, som tradisjonen tro har Sakprosaspesial. Denne gangen diskuterer dei mellom anna vår kontroversielle venn Thomas Erikson. Mist ikkje dette, det kan bli opplysande og engasjerande!

GÅR DET TIL HELVETE? spør Norsk sakprosafestival 2019
og går rett til der det brenn, til krig, klimaendringar, samlivsbrot
og flukt. Vi inviterer nokre av dei fremste ekspertane
i verda på ymse kriser for å gjere oss klokare på dei mørkaste
temaa. Krigsforfattar Antony Beevor held eit foredrag om
«den største krigen», og danske Carsten Jensen om flukt,
krig og klima. Vi skal sjå kriser i kvitauget, for krise kan òg
bety vendepunkt. Frå då vi trudde på ragnarok, og ikkje minst
oppgjennom etterkrigstida har vi forteljingar om korleis folk
byggjer nye og betre verder på ruinane frå den førre krisa. Kva
kjem ut av krisene vi ser i dag?
Terapeutane Sissel Gran og Peder Kjøs går til time med kvarandre.
Eirik Lande held lysbildeshow med kontaktannonsar
frå før Tinder og samtaler med Sissel Gran om kvardagskrisa:
relasjonane. Kvifor er det så vanskeleg å vere kjærastar? Eller
å få kjærastar?
Både olje- og laksenæring skal under lupa på festivalen, og
det skal også litterær slakt. Thomas Eriksons bøker har vore
slakta på spektakulært vis. Men folk held fram med å kjøpe
bøkene hans. På festivalen kan du oppleve Erikson i samtale
om eige forfattarskap og om mottakinga av bøkene hans i
Noreg.
Temaa er mørke i år, men målet er, som kvart år, at vi skal gå
frå Sakprosafestivalen som opplyste menneske. Med oss på
vegen ut får vi òg vite kva musikk kan gjere for noko godt med
tenkinga vår og måten vi taklar livet på.

Så vi rundar dagen av i ein optimistisk tone, med ein overskotsfest i Stiftelsen Fritt Ords lokalar i Uranienborgveien 2.

Alt unnteke arrangementa i Wergeland er gratis og ope for alle.

Festivalkomitéen er Kristina Quintano, Mari Jonassen, Maria Berg Reinertsen, Reidar Muller og festivalleiar Mette Karlsvik.

Kunstverk i bannar © Shwan Dler Qaradaki.

Sakprosafestivalen er stødd av Stiftelsen Fritt Ord, Kulturrådet og Oslo kommune, og er eigd av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening – NFFO.

Legg til ekstern kalender…