WAYS OF SEEING

NYARE TIDS MEST OMDISKUTERTE TEATERFRAMSYNING.

“Dette er en forestilling det er viktig å se”
NRK

Det kunstnarlege teamet bak Ways of seeing har kartlagt nettverka dei meiner har interesse av å gjere Noreg til eit meir rasistisk samfunn. Kven er dei, og kva oppnår dei med det? Og kva er samanhengen mellom dette miljøet og eit stadig høgare rop om meir overvåking?

Hausten 2018 hadde teaterframsyninga Ways of Seeing premiere på Black Box teater i Oslo. Det blei starten på ein oppheita debatt om yttringsfridom. No er den omstridde framsyninga nok ein gong klar for å bli vist for eit større publikum under den årlege teatermønstringa Heddadagane i Oslo. Ei framsyning som har skapt så mange debattar og skarpe frontar i ordskiftet er av offentleg interesse og som eit bidrag til den opplyste samtalen ønsker Det Norske Teatret å legge til rette for at folk kan danne seg ei mening på bakgrunn av det faktiske verket.

KRITIKK OG POLITIANMELDELSAR

Ways of Seeing blei skulda for å krenke privatlivets fred og framsyninga blei etter kvart sett på som årsak for en serie av trusselaksjonar mot justisministerens bustad. Kunstnarane blei dessutan utsette for personangrep og trugslar så grove at dei var nøydde til å melde forholda til politiet. I byrådet fremma FrP forslag om å trekke den kommunale støtta til Black Box Teater, eit forslag som ingen andre parti støtta. Saka fekk ei brå vending da justisministerens sambuar blei sikta for å ha fingert hendingane som av politiet og media blei omtalt som alvorlege trugsmål mot demokratiet. Dagen før Waras sambuar blei sikta i saken, sikta Oslo-politiet teatersjef ved Black Box Teater Anne-Cécile Sibué-Birkeland, teaterregissør Pia Maria Roll og skodespelarane Sara Baban, Hanan Benammar for å ha krenka privatlivets fred. Denne siktinga blei seinare fråfalle. Framsyninga har skapt debatt i og om mange ulike fagfelt og har vore utgangspunkt for diskusjonar om ytringsfridom, jus, etikk, politiets rolle, kunstens rolle, mediehandtering, kommentarjournalistikk, armlengde-prinsippet, maktforhold og stipendtildelingar.

DEBATT OM GRENSA FOR OVERVAKING

Justisminister Tor Mikkel Wara måtte forlate statsrådsposten, men debatten rundt Erna Solbergs utsegn og pressens handsaming av saka, er ikkje over. Aldri tidlegare har ei teaterframsyning vore utgangspunktet for tilsvarande merksemd og engasjert debatt. Gjennom å utforske temaet overvaking og grensene mellom kva som er lov og kva som er ulovleg, sette stykket viktige spørsmål på dagsorden. Kunstnarane gjorde dette gjennom aktivisme og konfrontasjon, men innanfor rammene av lova. Tidlegare høgsterettsdommar Ketil Lund, som leia etterforskinga av den ulovlege statlege overvakinga av venstresida på 90-talet, var òg sentral i framsyninga. Dei politiske analysane i Ways of Seeing er prega av kunstnaranes eigne, personlege perspektiv og erfaringar.

MED
Sara Baban, Hanan Benammar, Ali Djabbary, Ketil Lund.

Tekstutdrag frå: Aimé Césaire, Frantz Fanon, Jean-Paul Sartre m.fl.

Støtta av: Norsk Kulturfond, Dramatikkens hus. Co-produsert av Black Box Teater

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…