Microbandet sin verdsvev-bingo!

[Bilde]

Det er duka for coverlåtar, bingostemma til Døsso, gjeve vinstar og intens stille spenning i de påmeldte hjem! Bingobongar kostar 40 kr stk (ein bong har tre firkantar med tal, så me tilrår 1 til 2 pr vaksen, alt etter kor kjapp du føler deg). Og her er alternativa til å skaffa seg godsakene:
1) bestill innan 29. april og få tilsendt i posten
2) kjøp sjølv på Norli Strandgaten innan 5. mai
3) me fiksar bilete av bong om du bur utanfor Bergen og tingar etter 30.april.

Meld deg på ved å senda melding til Døsso eller Brit eller Microbandet, eller legg igjen ein kommentar på Facebook-eventet. Me får det med oss! Du får vipps-info til betaling når du får bongar i hende. Hugs å skriva kor mange bongar du vil ha.

Alle har lov å berre sjå overføringa, men det blir IKKJE høve til å kjøpa bingobongar etter 5. mai, høyrer de?

Me har hyrt inn proff lyd- og strøymehjelp for teknisk gjennomføring, det er også det einaste proffe du kan forventa deg. Microbandet vil alltid vera Microbandet, sjølv om me har tenkt å øva litt sidan me skal framføra litterære hits (og ikkje eit ord om at Vassendgutane ikkje er litterære, takk) – såpass gjer me når me har fått støtte frå Forfattersentrum OG Norli Strandgaten sel bongar for oss.

Del hendinga og den glade bodskap! Snart kan det vera DIN tur til å ropa bingo! Me oppdaterer sikkert på Facebook etterkvart som me kjem på ting me har gløymt å informera om.

Legg til ekstern kalender…