Ingeborg Loven Norekval / 12. til 18. september 2020

[Bilde]

Ingeborg Loven Norekval er født i 1959, og utstillingen har fått navnet «Welcome Change». Her forteller hun om seg selv og arbeidet sitt:

Å male med akryl er som ein berg-og dalbane tur. Fryd, frykt – og jubel. 1997 var året for å teste akrylmaling. Utdanna faglærer i kunstfag, hadde teknikken aldri vore presentert. Men dette visste eg straks; her var the missing link. Akryl ville eg skape rom for. Åra etter var det maling kvar ledig stund. Ville male, male, male. Var hekta! Året 2002 flytta eg med mann og dotter, tilbake til heimstaden Voss, etter 20 år i Oslo. Bygde atelier i hagen året etter. Realiserte draumen.

Gjekk kurs på kurs for å lære. Nydalen kunstskole. Øvde jevnt og trutt på å finne min strek, min stil. Har prøvd. Feila. Prøvd igjen. Malt, malt, malt. På papir, lerret, stoff, rullegardiner. Rask jobbing, å komme i flow, sjå kva det blir. Passar sinnelaget mitt. Og akryl. Den kjappe tørketida. Penslane må, som blomane, ha vatn. Lag på lag, samme dag. Ljost på mørkt, eller omvendt. Dagen kan starte med raske skisser. Kritt, kolstift, eller blekk.

Frå 2020 jobbar eg i nytt, utvida atelier i hagen. Betre plass. Kan jobbe på større lerret (BigPainting) og på fleire lerret om gongen. Kortreist arbeidsplass med fleire funksjonar. Ein stad å vise fram kunst, jobbe og galleri. (eit stort BigPaint-arbeid «Garden of Eden», vart innkjøpt av Voss Kunstlag, til oppheng/utlå i Voss Tinghus.)

Utstillinga i S9 Galleri går vidare frå fjoråret, Voss 2019. Med arbeid laga innafor tidsramma august -19 til sommar -20. Utstillinga har tittel: Welcome Change. Både direkte og indirekte påverka korona’n oss alle, over heile verda.

Artist statement
Eg vil skape måleri andre finn slektskap i. Kanskje undrar seg over.
Emosjonelt engasjement. Kontrast er spenningsbærande rettesnor.
Basis er styrke, tru og evne til uthald. Å ha trua på eige arbeid.
Som fort vik for tvil. Menneskesinnet har kontrastar. Det går opp og ned.

Velkommen til vernissage lørdag 12. september kl. 15.00 til 17.00.
Utstillingen kan ellers oppleves onsdag til søndag 13.00 til 17.00 t.o.m. fredag 18. september.

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…