KRAFT presenterer: Brita Been - Arvestykker og Elin Hedberg - Møter (det var mørkt, men jeg følte meg trygg)

BRITA BEEN
Arvestykker

I serien ARVESTYKKER inviterar Brita Been oss inn til eit møte med tekstile tradisjonar frå Telemark, eit knutepunkt i landet som dannar seg lenkjer mellom aust og vest, sør og nord, fortid og framtid. Mest kjend er kan hende dei nydeleg utførte og frodige bunadane med blømande ranker og roser. Med utgongspunkt i den enorme tekstile arven frå generasjonar av kvinner som har vove og brodert, pryda skjorter, strømper, stakker og liv, med organiske former som vitnar om naturen ikring, framhevar, forstørrar og omarbeider Been mønster og let dei små detaljane falde seg ut og ta plass mot ein svart bakgrunn i monumentale vever.
Arvestykka er ein hyllest til kvinnene, deira arbeid, tolmod og slit. Og ikkje minst til den bugnande overfloden av tekstil arv dei har late etter seg.
Brita Been (f. 1947, Moss, Noreg) er utdanna innan vev og billedvev frå Statens lærarhøgskule i forming i Oslo, Bergen Kvindelige industriskule og Bergen Kunsthåndverkskole på 1970-talet, samt i kunsthistorie frå Universitetet i Oslo i 2002. Ho har stilt ut mellom anna på Hå gamle prestegard på Jæren og Kunstnerforbundet og SOFT Galleri i Oslo. Ho har motteke statlege stipend, hatt garantiinntekt for kunstnarar og utført ei rekke utsmykkingar. Verka hennar er mellom anna kjøpt inn av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Kunstindustrimuseet i Oslo. I 2019 vart ho tildelt CORDIS PRIZE for Tapestry for verket RANKE. RANKE er nyleg kjøpt inn til nybygget ved Telemark Museum. Motivet kjem frå eit bringebroderi på ei skjorte i samlinga deira.


ELIN HEDBERG

Møter (det var mørkt, men jeg følte meg trygg)

For Elin Hedberg er møtet viktig. Møtet som handling, som idé, tid og stad, men også møtet mellom verk og publikum, skogen og mennesket, materiale og kropp. Gjennom å nytte korpusteknikk, hamrar ho ut koparrøyr så langt hennar eigen kropp kan nå, og skapar voluminøse skikkelsar i metall. Desse vert så handsama i behalderar med salmiakk og sagflis, som gjev det opprinneleg oransje koparet ei patinering av mørke tonar i grønt, svart og blått.
I Hvelvet møtes desse skikkelsane på eit underlag av bjørk, og saman vert dei nesten som ein skog som inviterar publikum i møte.
Elin Hedberg (f. 1988, Stockholm, Sverige) har ein mastergrad i Medium og materialbasert kunst frå 2015 ved Kunsthøgskolen i Oslo, der ho også har arbeidd som verksmeister i metall sidan 2017. Dei siste åra har ho stilt ut mellom anna på Format, Kunstnerforbundet og RAM Galleri i Oslo. Verka hennar er kjøpt inn av mellom andre Innkjøpsfondet for Norsk Kunsthåndverk for KODE i Bergen og Nasjonalmuseet i Oslo.

Utstillinga er støtta av Kunstsentrene i Norge.


KRAFT fylgjer dei gjeldande reglande for smittevern til eikvar tid og er oppteken av å ivareta tryggleiken til publikum, ansatte og utstillarar. Nytt gjerne munnbind. Dersom du har symptomar på sjukdom oppmodar vi deg til å vente med å vitje oss til desse er over.

Legg til ekstern kalender…