Gratisbillettar til Semper Eadem

Gratis-tilbodet gjeld berre tysdag 17. januar.

DAGSAVISEN: «Denne teaterbragden av og med Mimmi Tamba har umiddelbar klassikerstatus»
Terningkast 6

Artist og skodespelar Mimmi Tamba har levd heile livet mellom to kulturar, og har aldri kunna definere seg som heilt norsk, synest ho sjølv. Oppgjeret med stereotypiane – og kanskje eigne demonar – tok Tamba gjennom det kritikarroste albumet Semper Eadem. No kjem musikken til Hovudscenen i form av ein teatral konsert.

Det fysiske uttrykket, tekstane og musikken til Mimmi Tamba, framført av eit live band på scenen, scenografielement med overraskande moment, video og konsertlys lagar tilsaman ei altomsluttande totaloppleving som ligg ein plass mellom konsert og teater.

Framsyninga varar i 1 time og 15 minutt.

Legg til ekstern kalender…