SterkeNils og Vidar&Laffen, Norsk folkemusikk på Café Art'é

Det er duka for ein hyggjeleg kveld på Café Art’é


Vidar&Laffen er to karar som har spelt i hop sidan dei var tenåringar. På jakt etter den ultimate låten oppdaga dei sin eigen lokale musikktradisjon i Rogaland. Denne eksotiske, tøffe og søte musikken hadde ein augeblinkleg besettande verknad på desse to unge tenåringane, og leidde dei inn på stien mot eit liv som norske folkemusikarar.








Klikk på biletet for å finne ut meir



SterkeNils er ein norsk folkemusikktrio med heller utradisjonell besetning: Gitar, banjo, song og hardingfele/fele. Med denne besetninga er det ikkje fjernt å hente inspirasjon frå amerikansk folk/oldtime/country. Gruppa jobbar med musikk frå fleire delar av landet, som er naturleg då medlemma også kjem frå Tromsø, Oppdal og Fusa.
Medlemma har spelt saman sidan 2006, og kjem no til Café Art’é for andre gong, fordi det rett og slett er Oslos beste konsertrom for akkustisk musikk.







Klikk på biletet for å finne ut meir



Konserten er eit privat arrangement – ta med eigen drikke.
Etter konserten er det klart for jam, så ta med instrument og bli med.

Legg til ekstern kalender…