Trondheim Jazzorkester med Zanussi 5

Eivind Lønning – trompet Hild Sofie Tafjord – horn & elektronikk Øyvind Brække – trombone Espen Reinertsen – bassclarinet & tenorsax Rolf Erik Nystrøm – alt- & sopraninosax Eirik Hegdal – baritone – & sopransax Jørgen Mathisen – tenorsax & clarinet Bjørnar Habbestad – fløyte Christian Wallumrød – grand piano & synthesizer Per Oddvar Johansen – drums & drum machine Tor Haugerud – percussion Per Zanussi – acoustic bass & composer

Trondheim Jazzorkester held fram den flotte tradisjonen med å knytta til seg ulike komponistar og utøvarar og så reisa på turne med desse. Tidlegare ha dei jobba med mellom anna Erlend Skomsvoll, Jon Balke og Terje Rypdal, og også internasjonale stjerner som Chick Corea, Pat Metheny og Joshua Redman som mellom anna besøkte Bergen Jazzforum sist haust.. Denne gongen er det Zanussi 5 med Per Zanussi i spissen sin tur. Kvintetten har i fleire år markert seg på plate og scene som ei ekstrovert og lett surrealistisk blanding av svingande groover, energisk frijazz og vakre melodiar. Denne gongen i eit større format.

Myspace

Legg til ekstern kalender…