HAUSTKONSERT med vakre stille songar og varme dikt med Edvard Askeland (bass) Per Husby (piano) og Anne Lande (vokal)

“stille songar og varme dikt” ein haustkonsert med Edvard Askeland, Per Husby og Anne Lande
Laurdag 24. oktober kl. 18:00, Ostereidet Kyrkje, Lindås
Denne gongen har Edvard Askeland, med sine sterke røter på Lindås, med seg Per Husby og Anne Lande på hauskonsert i Ostereidet Kyrkje.
Saman inviterar dei med inn til ein mjuk, blå haustkveld – med lågmælt vakker musikk og rikeleg med ro og rom for ettertanke og tilbakeblikk.
På repertoaret står både viser, bossanova, sokalla standardlåtar og eige materiale. Alle tekstar er på norsk, og er ført i pennen av mellom andre Alf Prøysen, Kjell Aukrust og Anne Lande. Konserten vert bunden saman av dikt av Hans Børli, Rolf Jacobsen, Jon Fosse og Kolbein Falkeid, samt utdrag frå Anne Kari Elstad sine bøker.

Edvard Askeland er ein røynd, allsidig, dyktig bassist og komponist, godt kjend frå ulike musikalske stilartar og samarbeid (mellom anna Søyr, Cutting Edge, Jan Eggum, Hildegun Riise, Ole Paus og Katja Medbø) og no dagleg leiar av Oslo Jazzfestival.
Per Husby er ein folkekjær, allsidig og erfaren pianist og komponist. Han er kjend frå utallige opptredingar i musikkverda og media, ikkje minst som kappellmeister i NRK sine DaCapo-program der også Askeland var fast bassist.
Anne Lande er kanskje mindre kjend, men har drive med musikk og halde konsertar i mange år – parallelt med yrket som samtaleterapeut.

Saman har duoen Lande/Husby gjeve ut albuma ‘Sakte sanger’ (2006) og ‘HELT NÆR’ (2009), og konserten baserar seg på materiale frå desse.
mer på nettsida
www.annelande.no

Legg til ekstern kalender…