Då Berlinmuren fall

Seint om kvelden 9. november 1989 opna grensa mellom Aust- og Vest-Berlin. Midt i menneskemengda, i Bornholmer Straße, stod Jon Røssum, som den einaste vestlege journalisten på austsida av «die Mauer».

«Tür öffnen! Opp med porten!» ropa folk taktfast kring han, medan dei pressa seg mot grensebommen, som opna. Ingen trudde sine eigne auge. Fulle av forventning, nærast i sjokk, braut mange i mengda ut: «Wahnsinn! Vanvit!». Det var ellevill jubel, det var gledestårer. I 28 år hadde Muren kneisa som sjølve manifestasjonen av jarnteppet mellom
austblokken og «den frie verda».

«Ein underleg kveld her i Aust-Berlin, kanskje ein historisk augeblink i tilhøvet mellom dei to tyske statane» rapporterte NRKs Røssum himmelfalle heim til Noreg.

Eit knapt år seinare, 3. oktober 1990, vart Tyskland sameint att. DDR og Forbundsrepublikken var historie. Det var òg Muren, som vart hamra og hakka ned, bit for bit. Mykje smerte – og 77 menneskeliv – hadde «die böse Brücke» kravd sidan DDR-regimet stengde grensa 13. august 1961.

Berlinmuren sitt fall vart eit fortetta høgdepunkt i «den austeuropeiske revolusjonen» som bidrog til slutten på austblokken og den kalde krigen.

I kveld kjem NRK-nestoren Gunnar Høidahl, som dekte Muren sitt fall frå Vest-Berlin (saman med Arnt Stefansen). Høidahl har m.a. vore NRK sin Asia-korrespondent og utanriksredaktør og nyhendesjef i Dagsrevyen.

Tips og triks: NRK P2 sendte i påska programmet «Berlinmuren – 20 år etter». Her fortel Jon Røssum om opplevingane i Aust-Berlin 9.–10. november 1989: www1.nrk.no/nett-tv/klipp/4…

Innleder:

Gunnar Høidahl – Tidlegare Berlin-korrespondent for NRK

Legg til ekstern kalender…