Mark Geary

Mark Geary sine to konsertar i Bergen det siste året (på Lille Lungegårdssang) har ikkje gått upåakta hen. No er den 38 år gamle iren igjen klar for Bergen by. Geary flytta frå Irland til New York som 20-åring og etablerte seg som ein populær singer/songwriter. Etterkvart kom han heim igjen til Europa og dei siste åra har han hatt fleire lengre turnear på kontinentet. Sidan debutplata i 1999 har Geary gjeve ut fire album. I 2004 leverte han musikk til den amerikanske spelefilmen «The breakup artist». Mark Geary er på ein miniturne i Noreg med stopp i Tromsø, Oslo, Stord og Bergen.

Set av sundagsettermiddagen på Victoria. Her blir det irsk aften og irsk meny frå kjøkenet.

Det blir gratis inngang – og kanskje blir det overraskingar!

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…