Platesleppfest med Bergen Mandolinband på Inside

Bergen Mandolinband inviterar til heidundrande festførestilling for å feire den nye plata – Til Skogen! Utstyrte med dobbelspente strengerekker er dei klare for å avvæpne ein kvar instrumental pretensjon og løfte deg inn i ei musikalsk verd som er både bakvendt og på skeiva, men likevel så uendeleg rett!

Ein Bergen Mandolinbandkonsert er ein kjenslemessig berg-og-dalbanetur, så hald godt om ølglaset – det kan snart bli ditt einaste faste haldepunkt når mandolinen stemmer opp, denne vesle åttestrengsrøvaren med slagkrafta til ein squashrekkert og uavgrensa sentimental styrke.

Heile denne fantastiske kvelden blir dratt igang av Albert&Elise – Eit heilhjarta Countryband som speler politiske viser frå Nord-Amerika og Sverige. Med 4-stemt song, og herlige akkustiske instrument, fremjar dei frihet, likhet og revolusjon gjennom sin herlige musikk. ANBEFALES!

Challa spiller plater mellom slaga.

Legg til ekstern kalender…