Sjuk Ungdom

SJUK UNGDOM frå1926 er eit påfallande moderne stykke av bulgararen og austerrikaren Ferdinand Brückner (1891-1958).

Handlinga går føre seg i Wien i den politisk utrygge tida mellom 1. og 2. verdskrig. Vi er på eit pensjonat befolka av unge menneske på veg inn i eit vaksenliv dei ser på med motvilje.

Dei utfordrar og provoserer med sin dekadente og livstrøytte oppførsel, dei leikar med sosiale roller, kjønnsroller og rusmiddel. Samtidig som ein blir sjokkert over kor langt dei vågar å gå, blir ein rørt av den sårbare uskulda under den tøffe overflata. Og bakom kjappe og morosame replikkar i vekslande intrigar høyrer vi ropet på den sterke mann.

Regi er ved Peer Perez Øian og med seg har han Frank Kjosås, Marie Blokhus, Ane Dahl Torp, Morten Espeland, Ingeborg S. Raustøl, Sigurd Myhre og Kaia Varjord.

Legg til ekstern kalender…