Juleavslutning

Med høgtidleg spørjeleik

Kven blir noregsmeiser i litteratur i 2011? For tredje gong på Litteraturhuset har du høve til å bli noregsmeister i litteratur. Ta ein pause frå kakebakst og golvvask, og tørk heller støv av gamal kunnskap. Levande og døde forfattarar, gode sitat, sære pseudonym og nesten ukjende passasjar frå Det gamle testamentet. Her er det naudsynt med eit breitt samansett lag som har mykje bokleg lærdom inne. Vinnarlaget frå i fjor blir utfordra, og vil de ha namnet på vandrepokalen, må blyantane vere skikkeleg kvesste. Spørjemeistrar er Tuva Ørbeck Sørheim, Anne Gaathaug og Aslak Sira Myhre. Maks seks deltakarar per lag. Påmelding til [email protected].

Legg til ekstern kalender…