Annbjørg Lien Band - Khoom Loy

RIKSKONSERTENE

PRESENTERER:

ANNBJØRG LIEN med band / Khoom Loy

ANNBJØRG LIEN – hardingfele, flatfele, nøkkelharpe og vokal
PER ELIAS DRABLØS – bass
PER HILLESTAD – perkusjon
BJØRN CHARLES DREYER – gitarar
EINAR THORBJØRNSEN – tangentar
HANS FREDRIK JACOBSEN – fløyter

GJESTEMUSIKARAR FRÅ NEPAL:

DURGA PRASAD KHATIWADA – fløyter
JIWAN RAI – tabla
SUMAN KUMAR SACHIN – song og nepalesisk harmonium

Rikskonsertane har gleda av å presentere ein ny turné med ein av dei fremste musikalske ambassadørane våre, Annbjørg Lien.

Annbjørg Lien hentar inspirasjon frå eit spekter av tradisjonar, med kreativitet, profesjonalitet og speleglede. Med utgangspunkt i norsk tradisjonsmusikk inviterer ho oss til ei følsam og forrykande reise gjennom stemningar og stilartar. Annbjørg viser igjen at ho er ein av dei mest nyskapande artistane vi har – på både feler og nøkkelharpe – korleis ho koplar tradisjonelle instrument og klangar med dei meir moderne. På denne plata syng Annbjørg også, blant anna på tittelsporet Khoom Loy.

Tittelen speler på mange strenger. Khoom Loy er det thailandske namnet på himmellyktene eller lanternene i Austen. Dei symboliserer kunnskap, rettleiing og gode ønske. Raude lanterner blir brukte når ein skal feire, grøne betyr vekst, purpur er dei mange moglegheitene i livet, rosa står for kjærleik og kvit for helse.
Nettopp spekteret av fargar kjenneteiknar denne produksjonen, som byggjer bruer mellom austleg og vestleg kultur, mellom tradisjon og nyskaping, og mellom fortid og framtid.
Norsk, irsk og austleg folkemusikk miksa med jazz, rock og andre samtidsklangar. Det er like naturleg å bruke nepalske gjestemusikarar som å setje tonar til dikt av Jakob Sande og André Bjerke. Musikken vekslar mellom det intense og det inderlege, mellom nære augneblinkar og storslagne utsikter, mellom instrumentalmusikk og songar.
Med på turneen er også tre musikarar frå Nepal Music Center i Katmandu. Dei er for tida gjester ved Universitetet i Agder, i samarbeid med Fredskorpset.
”Eg gler meg veldig til å reise på turné saman med eit fantastisk band og dei gode musikarane og vennene mine frå Nepal. Velkomne skal de vere!” seier Annbjørg Lien.
Albumet Khoom Loy kjem ut på Grappa musikkforlag i forkant av turneen.

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…