Målbar: Nynorskens sjølvbilete, med Kåre Lunden og Kåre Lilleholt

Oslo Mållag inviterer:

Kva tener nynorsken mest på å bli definert som? Minoritetsspråk eller fleirtalsspråk med mindretalsproblem? Etter ordskiftet om dette i Dag og Tid, fekk me lyst til å sjå litt nærare på denne problematikken. Ikkje filologisk, ikkje etisk, ikkje sosialt, men folkerettsleg …og juridisk. Og det skal me gjera i Kvernelandrommet på Litteraturhuset, onsdag 30. mai frå kl. 19.00. Vel møtt!

Til å innleia har me invitert den som med rette må kunna kallast opphavsmannen til debatten – i alle fall i denne runden: Kåre Lunden. For å gje oss rettleiing i det folkerettslege og juridiske har me fått inn ekspert på feltet: Kåre Lilleholt. Til å oppsummera har me fått inn ei overrasking. Me vonar du kan koma – du er ynskt!

Kåre Lunden er utdanna sivilagronom ved Norges landbrukshøgskole og Cand. Philol. med hovudfag i historie ved Universitet i Oslo, men det er nok frå det siste vitskapsområdet me kjenner han best. Han er professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo (UiO). I Store norske leksikon står det at «Kåre Lunden er en av de mest betydelige norske historikere i etterkrigsgenerasjonen», og det seier ikkje så reint lite!

Kåre Lilleholt er Cand. jur. ved UiO. Før han blei professor ved UiO i 2006, var han professor ved Universitetet i Bergen (UiB) og Norges Handelshøyskole (NHH). I tillegg har han vore medlem i Språkrådet.

Legg til ekstern kalender…