JØKLEBA

Foto Per Ole Hagen

Norsk jazzhistorie på sitt beste!
PER JØRGENSEN trompet, perkusjon, røyst AUDUN KLEIVE trommer JON BALKE tangentar ASLE KARSTAD lyd, BIRK visuals

Smått legendariske Jøkleba rører på seg igjen. Sporadiske konsertar dei siste åra har vist at dei framleis er mellom det viktigaste norsk jazz nokosinne har produsert.

Musikken er improvisert, men samstundes tilgjengeleg, musikarane har eit nær telepatisk samband og musikken kan bli henta frå Lennon/McCartney, Mick Jagger og Mahler, såvel som frå eige hjarte.

Legg til ekstern kalender…