Sirkus Saragossa

Sirkus Saragossa
av Camilla Hübbe

Sirkus Saragossa er årets store familieframsyning. Her forsvinn ting i lause lufta og dukkar opp att på dei merkelegaste plassar i god gamaldags sirkusstil. Dette er ei spektakulær og magisk oppleving med trylling og sjølvaste Helge Jordal som klovn.

I dette nyskrive stykket får du møte den fantastiske sirkusfamilien Saragossa; ti år gamle Elvis, mora hans Mercedes med den flotte mustasjen, bestemora Lola som er kanonkonge, og onkelen Sonny som er klovn. Elvis og familien hans flyttar inn i Villa Dejavu i ein liten by på Vestlandet. Men livet i ein småby er ikkje alltid like greitt når du er barn i ein sirkusfamilie og er flinkare til å trylle enn å lese. Heldigvis blir Elvis raskt ven med Vesle-Finn, og saman finn dei på mykje moro som set heile byen på ende.

Sirkus Saragossa er ein herleg historie for heile familien om det gode sirkuslivet, om venskap og om at det er plass til alle – til og med om du er kvinne med bart, eller om du er liten eller stor, og om du kan lese eller ikkje.

Regi: Arvid Ones
Scenografi og kostymedesign: Karin Betz
Lysdesign: Trygve Andersen
Trylleinstruktør: Roy Bjerke
Medverkande: Yvonne Algrøy, Janny Hoff Brekke, Lars Jacobsen, Roger Hilleren, Helge Jordal, Idun Losnegård, Lars Melsæter Rydjord og Tore Christian Sævold.

Urpremiere i Førde torsdag 27. september. Turné i Sogn og Fjordane 28. september – 28. oktober.
Spelast i Bergen 5.-9. november.

Legg til ekstern kalender…