Klangkollektivet-labelnight @ Tilt, by:Larm

[Bilde]

KLANGKOLLEKTIVET PRESENTERER:
18:00 – Línt
18:45 – Electric Eye
19:30 – Monstereo
20:15 – Krachmacher

DJ Sten Ove Toft

GRATIS INNGONG!

Klangkollektivet kjem over fjellet til by:Larm for å vise fram noko av det beste og mest spanande Bergens musikalske undergrunn har å by på om dagen. Vi inviterer til fest og showcase på Tilt med fire av våre artistar, der Monstereo, Electric Eye og Línt alle er aktuelle med utgivingar i løpet av dei komande månadane. Så kom innom Tilt, torsdag 14. februar, for ein forsmak på platevåren til Klangkollektivet.

Vi vil sjølvsagt også oppfordra alle til å sjekke ut Ekkolodd under årets by:Larm:

Fredag 15.02 / Revolver / Kl. 00:30
Lørdag 16.02 / John Dee / Kl. 22:00

www.klangkollektivet.no
E-post: [email protected]


LINT / 18:00
Dynamiske kontrastar, dvelande melodilinjer og suggerande komposisjonar som byggjer seg opp til mektige lydlandskap. Møt Línt. Den unge gjengen har på kort tid blitt eit mykje omtala namn blant kjennarar i Bergens musikkliv, noko storarta konsertar og nydelege låtar har mykja av skulda for. Kvintetten eksperimenterer fritt med postrock-sjangeren, gitarbaserte melodiar legg grunnlaget, og på scena framkallar dei gåsehud frå første gitarakkord. Magien frå scena skal Línt også overføre til platerillene, når bandet slepp sin fyrste EP i mai.

ELECTRIC EYE / 18:45
Dronete psychrock inspirert av blues, India og det stadig ekspanderande verdsrommet skulle setje deg på rett radiobølgje for å ta inn Electric Eye. Med låtar frå The Black Angels, Wooden Shjips og Pink Floyd i Pompeii på inspirasjons-mixtapen, framkallar haugesundarane interessante møter mellom psykedelia og krautrock. Store forventningar bygde seg opp til bandet tidleg 2012, og berre på eit halvår har dei skapt furore på reverb-elskande bloggar verda over. Mange ventar no i spenning på Electric Eyes fyrste album, som er klart for release allereie i starten av april. Vi garanterer at det er verdt ventetida!

MONSTEREO / 19:30
Solide gitarriff legg fundamentet for Monstereo si reise vidare ut i stratosfæren, med svevande jamparti og kompromisslause støyinnslag i bagasjen. Kvartetten eksperimenterer i brytningspunktet mellom psykedelisk rock og postrock, med eit strengt fokus på sterke melodiar og medrivande groove. Monstereo er klar med si etterlengta debutplate, «Spacesuits, On!», 22. februar. Den kjem ut på solid dobbel vinyl, og blir den fyrste offisielle utgivinga på Klangkollektivet!

KRACHMACHER / 20:15
Krachmacher – tysk for bråkmakar – byrja i si tid som eit improvisasjonsbasert, avantgardistisk rockeeksperiment. Så lånte dei gjennomførte melodilinjer frå popverda, og putta det heile saman i ei heksegryte av lydar og melodiar. Referansar frå ytterpunkter i samtidsmusikken, popmusikken og elekronikaen ender opp i eit herleg og eklektisk lydbilde.

Legg til ekstern kalender…