Loppis hjå susamedusa på laurdag!

Eg flyttar og vil difor kvitte meg med mykje eg ikkje treng lengre, og vonar underskogarar har lyst å komme kjøpe ting og tang (noko kan ein nok også berre få altså).
Her vert det mykje å ta av:
Møblar, vesker, KLÆR!, kjøkkenutstyr, cd’ar, bøker, fine vinglas (ordentleg skikkeleg fine faktisk!),fænsi sjakk, solbriller og mykje mykje meir.
Stikk innom Kristiansandsgt 5 på Sagene (rett ved 7/11)
laurdag 6. april mellom 12:00 og 16:00.
Det står 204 på ringeklokka (med mindre eg sleng på ein loppis-lapp).
Betalingsmidlar i form av klingende mynt, vin, øl, snop, mat, kaffi og andre konsumerbare greier mottas gjerne. Jeppeti!
Her kjem nokre enorme bilete av mikroskopiske delar av utvalet:

[Bilde]
(det var det eg visste! Spøkelse ved skapet gitt…)

[Bilde]

[Bilde]

[Bilde]

[Bilde]

[Bilde]

[Bilde]

[Bilde]

Her er bl.a ein flott og grøn 50-talls sovesofa, den må du vertfall prøvesitte!
Og eit ubrukt 2-manns telt med namn Solo 2 frå FjellSport Norge (kosta 399kr i 2004). Litt brukt liggeunderlag. Og greier på loftet óg. Dette vert stas, så kom, kom, kom!

Legg til ekstern kalender…