Oslo Jazzfestival 2013 presenterer: Dagdraumekollektivet med Mari Kvien Brunvoll/Stein Urheim/Ragnar Hovland

Ny bikubekveld i regi av Oslo Jazzfestival, og ein kan nok rekne med eit litt meir neddempa musikalsk uttrykk når Dagdraumekollektivet inntek scena.

[Bilde]

Frontfiguren her er forfattaren, revyskodespelaren, prestesonen og humoristen Ragnar Hovland som i ei årrekkje har vore ein av dei fremste (ny)norske forfattarane. Underfundige, lune og snodige tekstar er varsla og sjølvsagt med tilsvarande musikkfølgje.

Musikarane Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll er busette i Bergen og har forutan eigne prosjekt halde saman som duo i sju år og har gjeve ut to CD-ar saman: “Stein & Mari’s Daydream Community“ i 2011 og “Daydream Twin“ frå i år.

Besetning: Ragnar Hovland (opplesing), Stein Urheim (strengeinstrumenter/elektronikk/vokal), Mari Kvien Brunvoll (vokal/elektronikk/perkusjon)

Lenker:
no.wikipedia.org/wiki/Mari_…
steinmarimusic.com
www.gubemusic.com/album_27010
www.samlaget.no/nn-no/forfa…
nn.wikipedia.org/wiki/Ragna…

Legg til ekstern kalender…