Oslo Jazzfestival 2013 presenterer: Lars Saabye Christensen/Heidi Gjermundsen Broch/Sigrun Eng/Ole Henrik Giørtz

Fredagskvelden på Bikuben kjem musikar og komponist Ole Henrik Giørtz saman med forfattar Lars Saabye Christensen, skodespelar Hilde Gjermundsen Broch og cellist Sigrun Eng.

[Bilde]

Ole Henrik Giørtz har lang fartstid frå norsk musikkliv med bakgrunn frå grupper som Ab und Zu og Chipahua. Han er songar, pianist og komponist.

Lars Saabye Christensen har skrive ei lang rekkje bøker i ulike sjangrar der ei av dei mest kjende, ”Beatles” frå 1984, no snart er filmaktuell. Heidi Gjermundsen Broch er tilsett som skodespelar ved Det Norske Teatret der ho har hatt hovudroller i dei største musikalane som til dømes ”Evita”. Sigrun Eng er utdanna i jazz og improvisasjon ved Norges musikkhøgskole. Ho er medlem av ensemblet Slagr og har mellom anna spilt med Søyr, Frøy Aagre, Arve Henriksen og John Pål Inderberg.

[Bilde]

Ole Henrik Giørtz og Lars Saabye Christensen har samarbeid i seks prosjekt tidlegare, og vi får høyre eit handplukka utval frå desse. Mellom anna frå “Den akustiske skyggen” frå Moldejazz I 1993 og “Skrapjern og silke” frå same festival i 1999. Giørtz har også skrive musikk til diktsamlinga “Mann for sin katt”, og i 2009 laga dei framsyninga “Den blå kofferten” for Festspillene i Nord-Norge.

Besetning: Lars Saabye Christensen (opplesing), Heidi Gjermundsen Broch (vokal), Sigrun Eng (cello), Ole Henrik Giørtz (piano)

Lenker:
no.wikipedia.org/wiki/Lars_…
no.wikipedia.org/wiki/Heidi…
no.wikipedia.org/wiki/Sigru…
no.wikipedia.org/wiki/Ole_H…

Legg til ekstern kalender…