Bikubesong

Midt i industristaden Odda, ligg «Murboligen»; ei bustadblokk som konkurrerer med dei bratte fjella som stuper ned i Sørfjorden. Der let forfattaren Frode Grytten ulike skjebnar spela seg ut og veva seg saman i den fleirstemte, fargerike og prisløna romanen Bikubesong. Den var igjen grunnlaget for Lasse Kolsruds dramatisering og oppsetjing.

[Bilde]

I jubileumsåret 2013 har Det Norske Teatret i samarbeid med Riksteatret bestemt seg for å pusse støvet av ein av dei største suksessane nokon sinne i Scene 2s historie, nemleg Bikubesong. Teaterframsyninga stod på programmet i over tre år, og Kolsrud fekk både Kritikarprisen og Hedda-juryens debutantpris.

(Kopiert fra teaterets nettside)

Legg til ekstern kalender…