Backgammon på Colonel Mustard
onsdag 27. november 2013 kl. 18:00 på Colonel Mustard og tre andre tidspunkter
Vi er nokre backgammoninteresserte som møtast for litt uhøgtidleg backgammonspeling over ein øl. Alle interesserte er velkomne.
Backgammon er eit klassisk brettspel som er lett å kome igang med, men som også har djupte og finurlegheiter dersom ein verkeleg ønskjer å mestre det. Initiativtakarane her er glade amatørar som berre ønskjer å spele backgammon litt oftare, så dersom du har lyst til å henge med, er du hjarteleg velkomen. Sjå linken under for spelereglar med meir.