OWMF | Taraf de Haidouks (Romania)

Heilt sidan fyrste gong Taraf de Haïdouks besøkte Vest-Europa i 1991, har dei vore rekna som ei referanse for sigøynermusikkens fabelaktige groove, sving og vitalitet. Dei har, utan stopp, turnert heile verda, gjett ut kritikerroste album og ein DVD, og har Johnny Depp som sin nr.1 fan. På tross av dette, har dei klart å behalde bakkekontakten og humoren, spelegleda og livsstilen er den same. Dei er frå Clejani, ein liten landsby i Romania, og er ei gruppe av “Gypsy Lautari”, tradisjonelle musikarar. Aldersspennet i gruppa er frå omlag 20 til 80 år, og det er no tredje generasjonen av musikarar som kjem til. Repertoaret spenner frå mellomalderbalader, tyrkiskinspirerte danselåter frå Balkan, og ein vokaltradisjon som stammer frå sigøynerfolkets opphav i Rajasthan.

Line up:

  • Costel Vlad – akkordeon
  • Marin Manole – akkordeon
  • Ion Tanase – cimbalon
  • Anghel Gheorghe – fele
  • Constantin Lautaru – fele
  • Viorel Vlad – kontrabass
  • Nicolae-Marius Lautaru – fele
  • Paul Giuclea – vokal
  • P. Marin Manole – akkordeon
  • Gheorge Falcaru – fløyte
  • Robert Gheorghe – fele
  • Filip Simeonov – klarinett

Konserten presenteres i samarbeid med Riksscenen.

Legg til ekstern kalender…