Fjerned Haarwæxsth

På tidleg åttital, berre få år etter at den braut fram utanlands, slo pønkebylgja inn over innlandsbygda Voss. Lengst levetid, flest låtar og mest villeiande bandnavn i eit aktivt rockeklubbmiljø hadde utvilsamt Fjerned Haarwæxsth, med tullete samfunnskritiske låtar som “Møte i Nain”, “Mørkeblå Volvo”, “NRK er kaos” og “Jogg som berre fan”.

30 år seinare og 40 kilo feitare stiller dei til gjenforeningskonsert på Mir, med påfallande lite naturleg avgang på hårfronten. Det vert klassisk pønkråkk i tradisjonen frå 1977, tenna i taket og hæla i tapeten. Det er ikkje nødvendig å dansa.

Hugs at konsertane på Mir må slutta tidleg pga. naboane, så ver ute i god tid.

Legg til ekstern kalender…