Språk og styrke. Med Skomsvold, Olin og Rishøi

To forfattarar og ein filmskapar som alle har eit særskilt blikk for dei som er utsette og annleis. Kjersti Skomsvold, Margreth Olin og Ingvild H. Rishøi gir språk og stemme til dei som få lyttar til, og lèt dei kome til syne gjennom skrift og bilete. Og sidan slepper dei aldri taket.

I Skomsvolds debutroman, Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg, møter vi Mathea Martinsen som byrjar å bli gamal og er redd for å døy før nokon veit at ho har levd. No blir boka teater, og Margreth Olin debuterer som teaterregissør på Nationaltheatret.

Å portrettere menneske som nærmar seg det siste punktum, er ikkje ukjent stoff for Olin. I den prislønte dokumentaren Dei mjuke hendene viste ho fram det indre livet på ein sjukeheim. Gjennom heile virket sitt som filmskapar er det ønsket om å formidle dei ufortalde historiene som kjenneteiknar det ho gjer. Rishøi skriv nådelaust vakre noveller om litt skeive lagnader som kjempar for å få til liva sine. «Hennes store menneskekunnskap og fine balanse mellom empati og lydhørhet gjør at hun kommer tett på sine karakterer», stod det mellom anna i grunngjevinga til PO Enquistprisen ho mottok i fjor. I den nye samlinga si, Vinternoveller, stadfester ho dette endå ein gong.

Forfattar Eivind Hofstad Evjemo skriv òg om dei som er utanfor A4, mellom anna i den kritikarrosa romanen Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet. No talar han, Skomsvold, Olin og Rishøi om å gjere annleismenneska tydelege og sterke gjennom skrift og scene.

[Bilde][Bilde][Bilde]

Arrangør og tekst: Litteraturhuset
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.

Legg til ekstern kalender…