Ny debatt

Norsk landbruk er i dag i stor grad avhengig av importert soya frå Brasil. Kva har det å seie for kvaliteten på norsk fjørkre, kjøt og fisk at det er soya dei et? Og kva er dei sosiale, miljømessige og økonomiske konsekvensane av norsk import av dyrefôr som soya? Ville det ikkje vore betre for alle om dyra hadde ete det som var tilgjengeleg i nærområdet? «Ny debatt» er ein debattserie av og for ungdom som blir arrangert av Litteraturhuset og Barne- og ungdomsorganisasjonane i Oslo (UngOrg), denne gongen i samarbeid med Spire.

[Bilde]
FOTO: Sxc.hu

Arrangør og tekst: Litteraturhuset
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.

Legg til ekstern kalender…