Litteraturhuset, sal Nedjma
Wergelandsveien 29 er Europas største litteraturhus og har rom for mange typar aktivitetar. Det passar både for dei som vil lese avisa over ein kopp kaffi, dei som vil ha mat for tanken på eit av arrangementa våre, og dei som vil halde sitt eige møte.
I fyrste etasje ligg bokhandel, kafé og hovudscena vår, Wergeland. Vidare opp i etasjane har vi fem scener og rom for samtale, debatt og formidling. Ei eiga avdeling er sett av til arbeid med barn og ungdom. Loftet er reservert for forfattarar og skribentar som treng ein arbeidsplass og ein møtestad i Oslo sentrum. Huset har òg ei eiga forfattarleilegheit for utanlandske forfattarar og intellektuelle.
Litteraturhuset er drive av Stiftelsen Litteraturhuset, som vart skipa av Institusjonen Fritt Ord i 2006. Huset er inspirert av ein tysk tradisjon for frie Literaturhaus. Stiftelsen Litteraturhuset er uavhengig og ikkjekommersiell og har til føremål å formidle og vekkje interesse for litteratur og lesing.
Sal Nedjma er i 3. etasje av Litteraturhuset.