Skrivekunstakademiet i Hordaland

Skrivekunstakademiet i Hordaland driv undervisning innan skjønnlitterær skriving.


Dette har skjedd på Skrivekunstakademiet i Hordaland…

Søndag 1. april 2018

Fredag 30. januar 2015

  • 19:00 Temakveld med Cathrine Knudsen, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Fredag 30. januar kjem Cathrine Knudsen til Skrivekunstakademiet for å snakke om si seinaste bok, Manuell. Romanen kom i haust og fekk strålande meldingar. Knudsen har sjølv vore student ved akademiet, og gjestar årsstudium i høve romankurs. Kvelden er ope for alle og tek til kl. 19 i Skrivekunstakademiet sine lokale, USF Verftet. Velkomen!

Tirsdag 2. desember 2014

Fredag 26. september 2014

  • 19:00 Temakveld med Tone Hødnebø, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Tone Hødnebø er aktuell i haust med gjendiktinga Glass, ironi og Gud av den amerikanske diktaren Anne Carson. Hødnebø vitjar Skrivekunstakademiet som gjestelærar i lyrikk, og har vore fleirårig engasjert hos oss som gjestelærar i omsetjing. Årets bok introduserer eit originalt forfattarskap til norske lesarar, og i følgje forlaget «framstår Carsons diktning som både lærd og tilgjengelig med sine ualminnelige kombinasjoner av intime bekjennelser og kjølig analyse ispedd vidd, ironi og humor.» All …

Mandag 23. juni 2014

  • 10:00 Sommarkurs ved Skrivekunstakademiet, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Sommarkurset passar for deg som ynskjer å kome i gang med skrivinga for alvor, eller treng eit kick for å kome vidare. Kurset går i år frå 23. til 26. juni, på Verftet i Bergen. Kurshaldarar er Rolf Enger og Cecilie Løveid, begge forfattarar og faste lærarar ved akademiet. Søknadsfrist: 2. juni.

Torsdag 15. mai 2014

  • 23:30 Søk påbyggingskurs, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Til hausten startar eit nytt påbyggingskurs i skapande skriving. Det vil strekkje seg over både haust- og vårsemesteret. Tilbodet gjeld for deg som har minst eitt år skriveskuleutdanning på høgskulenivå, eller som har gjeve ut minst ei bok. Dette er eit høve for å få oppfølgjande, grundige lesingar av eit manuskript. Kurset består av samlingar med førebudde felleslesingar, og av individuelle rettleiingar. Pedro Carmona-Alvarez leiar kurset, saman med andre sterkt lese- og skriveføre mentorar. …

Onsdag 7. mai 2014

  • 19:00 Temakveld: Jan Roar Leikvoll, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Om eige forfattarskap, romanarbeid, inspirasjonskjelder og skriveteknikkar. Samtale med publikum. Jan Roar Leikvoll (f.1974, busett i Bergen) har hausta lovord og fått fleire prisar for dei fire romanane sine: Eit vintereventyr, Fiolinane, Bovara og Songfuglen, som alle har handling lagt til fiktive/fantastiske univers. Han har tidlegare vore student ved Skrivekunstakademiet. Gratis inngang, ope for alle! Onsdag 7/5 kl. 19, på Skrivekunstakademiet, USF Verftet.

Søndag 9. mars 2014

  • 10:00 Responskurs, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Helga 8. og 9. mars 2014 arrangerer Skrivekunstakademiet responskurs med forfattar og erfaren skrivelærar Tormod Haugland. Kurset blir avvikla i Skrivekunstakademiet sine lokale på USF Verftet i Bergen. 12 deltakarar blir tatt opp, og søknadsfristen er måndag 17. februar. Kursavgift 2500,- Du søkjer med inntil seks sider med tekst i sjølvvald sjanger. Det kan vere ein eller fleire tekstar, avslutta eller utdrag frå noko større. Dersom du skriv prosa, er det fint om du brukar skriftstorleik 12, …

Lørdag 8. mars 2014

  • 10:00 Responskurs, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Helga 8. og 9. mars 2014 arrangerer Skrivekunstakademiet responskurs med forfattar og erfaren skrivelærar Tormod Haugland. Kurset blir avvikla i Skrivekunstakademiet sine lokale på USF Verftet i Bergen. 12 deltakarar blir tatt opp, og søknadsfristen er måndag 17. februar. Kursavgift 2500,- Du søkjer med inntil seks sider med tekst i sjølvvald sjanger. Det kan vere ein eller fleire tekstar, avslutta eller utdrag frå noko større. Dersom du skriv prosa, er det fint om du brukar skriftstorleik 12, …

Tirsdag 3. desember 2013

  • 19:00 Temakveld med Mona Høvring, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Tysdag 3. desember kjem Mona Høvring til Skrivekunstakademiet for å snakke om si siste bok, Camillas lange netter. Dette er ein fortetta roman om eksistensielle vilkår, om oppvekst, begjær og søvnløyse. Forteljingane er basert på Camilla Colletts erindringsverk I de lange nætter frå 1862. Samtalen blir leia av Cecilie Løveid. Staden er Verftet og inngangen er gratis. Alle slepp inn!

Søndag 10. november 2013

  • 10:00 Responskurs, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Dette er eit kurs for deg som skriv prosa og/eller lyrikk. I tillegg til kunnig tilbakemelding frå ein lærar, gjev responskurset eit innblikk i korleis tekstgjennomgang ved akademiet kan fungere i praksis. Mange av dei som har delteke på responskurset, har seinare kome inn på Skrivekunstakademiet. Søknadsfristen er 21. oktober.

Lørdag 9. november 2013

  • 10:00 Responskurs, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Dette er eit kurs for deg som skriv prosa og/eller lyrikk. I tillegg til kunnig tilbakemelding frå ein lærar, gjev responskurset eit innblikk i korleis tekstgjennomgang ved akademiet kan fungere i praksis. Mange av dei som har delteke på responskurset, har seinare kome inn på Skrivekunstakademiet. Søknadsfristen er 21. oktober.

Fredag 13. september 2013

Lørdag 1. juni 2013

Tirsdag 5. februar 2013

  • 19:00 Temakveld med Tor Eystein Øverås, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Tor Eystein Øverås er ein lesande og reisande forfattar. Han har hausta begeistring for sine essayistiske bøker, seinast i fjor for artikkelsamlinga I dette landskap. For virket som bokmeldar blei Øverås kåra til årets kritikar i 2009. Tysdag 5. februar kjem han til Skrivekunstakademiet og snakkar om sin skrivepraksis og om essayformen. Ope for alle!

Tirsdag 29. januar 2013

Fredag 7. desember 2012

  • 19:00 Temakveld med Bergsveinn Birgisson, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Islands-bergensaren Bergsveinn Birgisson kjem til akademiet for å snakke om Svar på brev frå Helga. Romanen har vore nominert til Nordisk Råds Litteraturpris, gjort stor suksess på Island, og er i ferd med å erobre resten av Norden. Samtale! Drøs!

Lørdag 1. desember 2012

  • 23:55 Påbyggingskurs i skapande skriving, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    I 2013 køyrer me igang eit nytt påbyggingskurs i skapande skriving. Dette er eit tilbod for søkjarar som allereie har eitt år skriveskuleutdanning på høgskulenivå, eller som har gjeve ut minst ei bok, og som ynskjer å utvikle eit pågåande skriveprosjekt. Hovudlærar er Pedro Carmona-Alvarez, som skal ha med seg fleire mentorar og gjestelærarar. Les meir om tilbodet her. Søknadsfrist 1. desember!

Fredag 14. september 2012

  • 19:00 Temakveld med Røed, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Me inviterer til haustens fyrste temakveld! Tonje Røed om romanen. Ho har gjeve ut tre bøker, sist ut kom Skjønne utsikter. Om denne skriv forlaget “En nådeløst utleverende og hjerteskjærende roman. Med intens innlevelse og svart humor tegner Tonje Røed et forvrengt, bovaryaktig portrett av en kvinne som søker å utslette siste rest av sitt indre.” Ope for alle interesserte. Staden er Skrivekunstakademiet sine lokale på Verftet USF. Tida er kl. 19:00. Velkomen!

Tirsdag 24. april 2012

  • 19:00 Temakveld om norsk poesi, Skrivekunstakademiet i Hordaland

    Ta tysdagsturen til Skrivekunstakademiet og møt to generasjonar med norske poetar: Jo Eggen og Henning H. Bergsvåg. Eggen debuterte i 1980, den siste boka hans kom i 2010: Stavkirkedikt. Bergsvågs forfattarskap såg dagens lys i 2000, sist ut kom Over elven Tweed, i 2010. Dei to vil bli intervjua av Øyvind Rimbereid. Ope for alle – velkomen!