JEPPE PÅ BERGET

[Bilde]

Fyrste gong nokon sat i Teatersalen i Rosenkrantz’ gate og såg på Jeppe, vart det opptøyar og slåsskamp.
Blodet rann frå galleriet.

I dag er det ingen som bryr seg; iallefall ikkje om Jeppe.
Kven er han? Ein tapar, eit null. Nobody.
Ein som kunne tatt seg saman; prøvd litt hardare.

Ein mann med så liten kulturell og økonomisk kapital at han ikkje merkar at vi ler av han. Difor; lat oss gjere det!

Om du verken har pengemakt eller definisjonsmakt, er du då verd noko? Vil det å vere underhaldning for andre, om enn berre for nokre timar, gje deg lite grann større verdi?

Teaterlaget i BUL Oslo har gleda av å invitere til «Jeppe på Berget» av Ludvig Holberg, i regi av Anders Nordhammer, og med Henning Værnes i rolla som Jeppe.

I rolla som Nille finn vi Silje Dahl og Anne Cath. Johansen, og som Baron Nilus, Benjamin Aarseth.

Tidspunkt:

6, 7, 8, 9. kl. 19.00.
11. juni kl. 20.00

Stad:
Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8

Legg til ekstern kalender…