OFFISIELL ÅPNING BIMF 2014: Thea Hjelmeland y Sus Amigos // Flava Few med Bergen ungdomslag Ervingen presenterer nyproduksjonen GRUNN! // Celio de Carvalho

TORSDAG 23
11:00 Barnekonsert med Celio de Carvalho
19:00 Dørene åpner
19:30 Offisiell åpning
20:00 Danseforestillingen “Grunn!” m/ Flava Few og Bergen ungdomslag Ervingen
21:30 Thea Hjelmeland y Sus Amigos

CELIO I REGNSKOGEN
Celio De Carvalho er perkusjonisten som har spela med “alle”. Dette har gitt han eit enormt godt rykte i både inn- og utland, og dessuten 5 spelemannsprisar! Han har gjort fleire tusen konsertar for barn gjennom RIKSKONSERTENE (Concerts Norway), og vi er så heldige at han vil komme til Bergen Internasjonale Musikkfestival og gjere enda ein for oss!

[Bilde]

GRUNN!
Festivalen opnar med eit heilt spesielt prosjekt: Med støtte frå Bergen kommune, vil dansekompaniet Flava Few i samarbeid med Bergen ungdomslag Ervingen presentere nyproduksjonen Grunn!
To grupper med tilsynelatande heilt ulik bakgrunn og estetikk, har i løpet av det siste halvåret møttest jamnleg for utforske og utfordre likheitene og ulikheitene mellom folkedans og gatedans. Resultatet blir ei førestilling du aldri har sett maken til.
Billetter: (bit.ly/ZtzKlH )

[Bilde]

Åpningskonserten BIMF 2014:
FOR FØRSTE GONG I NOREG; Thea Hjelmeland y Sus Amigos.

Thea Hjelmeland sitt siste prosjekt kjem veldig uventa, noko som er eit sunnhetsteikn for ein artist i stadig utvikling. Vi er svært spente på å presentere Noregs-premiéra på Thea Hjelmeland y Sus Amigos, eit samarbeid med nokre av dei fremste cubanske musikarane. Tidlegare i år solgte ho ut ein stor kyrkjekonsert saman med det kvinnelege strykeorkesteret Camerata Romeu, som spelte utelukkande hennar musikk, og som vart sendt på cubansk TV og releasekonserten hennar i Logen Bar i september ble også utseld. No kjem ho til Bergen med eit handplukka ensemble som hadde sin debut på Havana World Music Festival i år. Det lovar godt for ein unik konsert, frå artisten som nektar å stå stille.
Billetter: (bit.ly/1wv6Exk )

Legg til ekstern kalender…